Fjernvarme nyttar seg av energi som elles ville gått tapt.

Energi frå fjord, bidreg til reinare jord!

Fjernvarme frå fjord er bra for lokalsamfunnet.

Fornybar energi frå fjord er klimatiltak som nytter.

Rein energi for rein framtid!

Kvifor fjernvarme? Korleis gjer vi det? Kven er du som kunde?
Kvifor?

Fordi det er miljøvennleg

Knyter hav til land

Ulstein er eit samfunn som eksisterer mykje takka vere sjøen. Industrien har vakse fram ut frå nærleiken til havet. Samfunnet har vakse og fått eit verdsrenommé der kvalitet og innovasjon står i fokus. Dette har slått rot i sjela til ulsteiningane.

Miljøsatsinga til Ulstein Fjernvarme knyter hav til land på ein slik måte at havets termiske energi kjem til nytte – for samtid og framtid!

Minimale inngrep, utslepp og ressursbruk

Fjernvarme er eit energisystem som gir få naturinngrep, lite utslepp og liten ressursbruk totalt sett. Fjernvarmekonseptet byggjer på ideen om å nytte energi som er til overs i samfunnet, og som ville ha gått til spille om ikkje fjernvarmesystema hadde teke energien i bruk.

Energi til overs

Til betre vi lykkast i å utnytte slik overskotsenergi, til meir reduserer vi energitapet i samfunnet og bruken av primære energiressursar. Dette gir mindre utslepp og færre inngrep i naturen.

Korleis gjer vi det?
Korleis? Korleis?

Frå vatn til energi

Ulstein Fjernvarme pumpar store mengder med sjøvatn frå djupna ute i fjorden og inn til land. Der vert energien overført til landnettet som er ferskvatn. På land vert vatnet pumpa rundt i byen i to sløyfer, ei mot aust og ei mot vest. Begge med forgreiningar undervegs i traseen. Ute i anlegget er det lokale energisentralar som nyttar varmepumpeteknologi. Vi kan tilby både varme og kjøling. Etter energisentral står kundesentral, som i praksis er bindeleddet mellom Ulstein Fjernvarme og kunde.

Kven er våre kundar?
Kven?

Ulsteinvik - aust og vest

I utgangspunktet kan alle som er langs traseen, få fjernvarme. Men for mindre einingar, som til dømes einebustader, vil ein måtte vurdere kvart enkelt tilfelle. Dersom det er fleire einingar i området, og oppvarminga i bustaden(e) er basert på vassboren varme, så kan det vere aktuelt å tilby ei løysing.

Nye utbyggingsområde som ligg langs eller i nærleiken av hovudtraseen, vil heilt klart kunne hauste fordelar av å nytte vår løysing om ein planlegg dette frå starten av. Større bygg, til dømes leilegheitskompleks, kontorbygg, kjøpesenter, skular, hotell og andre større bygg som har eit visst energibehov, er aktuelle.

Trykk her for teknisk informasjon.

Bla opp