Innhold

Teknisk prinsipp

Sjå filmen nedanfor som syner prinsippet omkring fjordvarme som energikilde.

Scene 1 startar med å vise eit oversiktsbilde av Ulsteinvik og Sjøgata. Videoen syner at energi kjem frå fjorden og til anlegget til Ulstein Fjernvarme. Scena vert avslutta med teksta «Energi frå fjorden!»

Scene 2 viser alle lokasjonar Ulstein Fjernvarme leverer fjordvarme til. Scena vert avslutta med teksta «Ulstein fjernvarme forsyner lokalsamfunnet med energi.»

Scene 3 viser vaktmeister ved Ulstein Arena, Hans Kristian Velsvik som seier «Her på Ulstein Arena får vi energi frå Ulstein Fjernvarme. Dette brukar vi til romoppvarming, kjøling, gatevarme og ikkje minst bassengoppvarming.» Medan han snakkar vert det vist video av Ulstein Arena i bruk.

Scene 4 viser tidlegare dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme, Øyvind Amdam, som seier «Vi har fokus på miljøvennleg varmepumper og produserer fornybar rein energi.» Amdam står utanfor Ulstein Arena medan han snakkar.

Scene 5 viser ein leigetakar i Sjøgata som drikk kaffi og ser utover Lyngnesvika. Scena vert avslutta med teksta «Rein energi for rein framtid.»

Scene 6 viser eit oversiktsbilde av Ulsteinvik sentrum med alle lokasjonane som nyttar varme frå Ulstein Fjernvarme. Scena vert avslutta med teksta «Tenk miljø – Ta kontakt i dag!»

Videoen vert avslutta med logoen til Ulstein Fjernvarme og nettadressa www.ulsteinfjernvarme.no.

Bla opp