Ulstein Fjernvarme

  


uf__front_page_logo_01.png

Fjernvarme nyttar seg av energi som elles ville gått tapt. Jo betre vi lukkast i å utnytte slik energi, jo meir bidreg vi til reduserte utslepp og naturinngrep.

Energi frå fjord, bidreg til reinare jord!

Fjernvarme frå fjord er bra for lokalsamfunnet.

Fornybar energi frå fjord er klimatiltak som nytter.

Fjernvarmesystemet binder større bygg i saman i eit system med felles varmesentral, i staden for at kvart enkelt bygg har sin individuelle varmesentral.

Sjå alle nyhende

Løseth slutter som styreleder i Eidsiva Energi
Øystein Løseth (59) slutter som styreleder i Eidsiva neste vår, etter tre år i vervet. Han blir da konsernsjef i den nederlandske multinasjonale giganten Fugro, med rundt 10.000 ansatte i 70 land,som leverer tjenester innen gass og olje, telekom og infrastruktur.
16.11.17 00:00
Alle gode ting er tre - også for fremtidens fjernvarme
Högskolan i Halmstad har publisert en forskningsrapport med tittelen ”Framtida fjärrvärmeteknik”,som tar helhetsgrep for nye fjernvarmesystemer i nybygg. Tre suksessfaktorer pekes ut.
16.11.17 00:00
Dansk Fjernvarme: Redusert elvarmeavgift vil gi økt bruk av overskuddsvarme
Som en del av avtalen om næringspakken, er de danske partiene blitt enige om å halvere elavgiften til varmepumper.  Det medfører at fjernvarmeselskapene nå vil tjene på å investere i store eldrevne varmepumper, som kan utnytte den stigende mengden overskuddsvarme fra datasentre og industrien.  
14.11.17 00:00
OED inviterer til innspillsmøte om energimerkeordningen
Olje- og energidepartementet inviterer til et møte 17. november for å få innspill til hvordan energimerkeordningen for bygninger kan videreutvikles. Møtet avholdes i samarbeid med Enova og NVE.
10.11.17 00:00
Visepresident i Euroheat & Power: -God avtale om EUs kvotehandelsystem
Etter flere års tautrekking og til tider veldig harde kamper mellom sterke interesser, har det lykkes EU-landene natt til torsdag å inngå en avtale som vil bety at opptil flere milliarder CO2-kvoter vil bli destruert. - Det er også tiltrengt, sier visepresident i den europeiske fjernvarmeorganisasjonen Euroheat &Power Birger Lauersen.
10.11.17 00:00
KVIFOR?

Fordi det er miljøvennleg

 

 

KNYTER HAV TIL LAND

Ulstein er eit samfunn som eksisterer mykje takka vere sjøen. Industrien har vakse
fram ut frå nærleiken til havet. Samfunnet har vakse og fått eit verdsrenommé der
kvalitet og innovasjon står i fokus. Dette har slått rot i sjela til ulsteiningane.

Miljøsatsinga til Ulstein Fjernvarme knyter hav til land på ein slik måte at havets
termiske energi kjem til nytte – for samtid og framtid!

 

MINIMALE INNGREP, UTSLEPP OG RESSURSBRUK

Fjernvarme er eit energisystem som gir få naturinngrep, lite utslepp og
liten ressursbruk totalt sett.  Fjernvarmekonseptet byggjer på ideen om å nytte
energi som er til overs i samfunnet, og som ville ha gått til spille om ikkje
fjernvarmesystema hadde teke energien i bruk.

 

ENERGI TIL OVERS

Til betre vi lykkast i å utnytte slik overskotsenergi, til meir reduserer vi energitapet
i samfunnet og bruken av primære energiressursar. Dette gir mindre utslepp og
færre inngrep i naturen.

 

KORLEIS?
uf_illustration_korleis_03.png

Frå vatn til energi

 

Ulstein Fjernvarme pumpar store mengder med sjøvatn frå djupna ute i fjorden
og inn til land. Der vert energien overført til landnettet som er ferskvatn. På land
vert vatnet pumpa rundt i byen i to sløyfer, ei mot aust og ei mot vest. Begge med
forgreiningar undervegs i traseen. Ute i anlegget er det lokale energisentralar som
nyttar varmepumpeteknologi. Vi kan tilby både varme og kjøling. Etter energisentral
står kundesentral, som i praksis er bindeleddet mellom Ulstein Fjernvarme og kunde.

KVEN?

Ulsteinvik - aust og vest

 

I utgangspunktet kan alle som er langs traseen, få fjernvarme.  Men for
mindre einingar, som til dømes einebustader, vil ein måtte vurdere kvart enkelt
tilfelle. Dersom det er fleire einingar i området, og oppvarminga i bustaden(e) er
basert på vassboren varme, så kan det vere aktuelt å tilby ei løysing.

Nye utbyggingsområde som ligg langs eller i nærleiken av hovudtraseen,
vil heilt klart kunne hauste fordelar av å nytte vår løysing om ein planlegg dette frå
starten av. Større bygg, til dømes leilegheitskompleks, kontorbygg, kjøpesenter,
skular, hotell og andre større bygg som har eit visst energibehov, er aktuelle.

Trykk her for teknisk informasjon.

 

 

VEST
uf_map.png

Samarbeidspartnarane våre

 

                        

 

Her er ein film som vi har henta frå Fjordvarme i Eid kommune. Han fortel korleis vi
vil skape heile prosessen med fjernvarme i Ulsteinvik; teknologien vi vil nytte, korleis
vi hentar vatnet opp frå sjøen og fraktar det til dei ulike adressene – og omformar
energien til varme eller kjøling.

Kontakt oss
kontakt

Dagleg leiar Øyvind Amdam


E-post
oyvind@ulsteinfjernvarme.no


Telefon
941 55 126


Adresse
Reiten 22
6065 Ulsteinvik